Skjønnlitterær oversettar og gjendiktar, først og fremst frå fransk og spansk. Har gitt norsk språkdrakt til lyrikarar frå Latin-Amerika (Cuba, Argentina, Chile), Canada, Spania, Portugal og Frankrike. Av skjønnlitterær prosa så ulike forfattarar som Astrid Lindgren, Anna Gavalda, Laurent Gaudé, Daniel Pennac, Ian Sansom.
Ei lang rekkje teaterstykke for ulike scenar, m.a. av Albert Camus, Sergi Belbel, Federico García Lorca.
Sidan 1989 saksbehandlar i Norsk kulturråd, litteraturseksjonen.
Medlem i NO, NFF, Norsk Kritikerlag og Norsk Forfattersentrum.
Bur i Oslo, men reiser vidt og breidt så ofte som råd.
Lykka er ein sjeldan fugl
Den verkelege familien sin finn ein undervegs.
Etter den enorme suksessen med Saman er ein mindre aleine, er Anna Gavalda tilbake med ein stor roman om kjærleik, håp og nye sjansar i Lykka er ein sjeldan fugl.
Den suksessrike arkitekten Charles Balanda nærmar seg femti. Han er utmatta, forholdet til kona Laurence blir stadig kjøligare og grunnmuren livet hans er bygd på begynner å breste. Da han får eit usignert brev med meldinga ”Anouk er død”, strøymer minna på. Charles leitar seg tilbake mot hendingar og menneske frå ungdomstida, og på vegen møter han Kate, ei kvinne som bur i eit slags rotete, landleg paradis, omgitt av barn og dyr. Charles og Kate blir tiltrekte av kvarandre, men ingenting er gitt på førehand.
Alle som lét seg begeistre av Gavaldas førre roman, vil kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Nok ein gong har Anna Gavalda, som har forført 10 millionar lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede.
Noen anmeldelser:
Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt.
"En perle av en bok du bør få med deg. Drøye 600 sider forsvinner fort. Vi vil ha mer!"
Hanne Danielsen, Kvinner og Klær
"Gavalda har et helt utsøkt språk. Tove Bakke er en helt utsøkt oversetter. De over seks hundre sidene er skrevet i et så appetittvekkende nynorsk at det synger i boka. Gavalda-elskere får med andre ord mye for pengene."
Cathrine Krøger, Dagbladet
"Sjansen for ar du ender med å ta natten til å hjelp for å følge med på Charles kjærlighetslengsler kan være stor. Men den er verdt noen timer tapt søvn. "
Elisiv Hauge Nilsen, Haugesunds avis
Tone Bakkes side på Samlagets hjemmesider finner du her
Tove Bakke er årets festspeldiktar på dei Nynorske Festspela 2009 les mere her.
Tove Bakkes anmeldelse av Steina Lødings bok " Jernalderdrøm " kan du lese her.
Videointervju med Tove Bakke i anledning åretsNynorske Festspel kan du se her.